Ingeborg Loven Norekval

12. september 2020 til 18. september 2020

Ingeborg Loven Norekval er født i 1959, og utstillingen har fått navnet «Welcome Change». Her forteller hun om seg selv og arbeidet sitt:
 
Å male med akryl er som ein berg-og dalbane tur. Fryd, frykt - og jubel. 1997 var året for å teste akrylmaling. Utdanna faglærer i kunstfag, hadde teknikken aldri vore presentert. Men dette visste eg straks; her var the missing link. Akryl ville eg skape rom for.

Åra etter var det maling kvar ledig stund.  Ville male, male, male. Var hekta! Året 2002 flytta eg med mann og dotter, tilbake til heimstaden Voss, etter 20 år i Oslo. Bygde atelier i hagen, året etter. Realiserte draumen.

Gjekk kurs på kurs for å lære. Nydalen kunstskole. Øvde jevnt og trutt på å finne min strek, min stil. Har prøvd. Feila. Prøvd igjen. Malt, malt malt. På papir, lerret, stoff, rullegardiner. Rask jobbing, å komme i flow, sjå kva det blir. Passar sinnelaget mitt. Og akryl. Den kjappe tørketida. Penslane må, som blomane, ha vatn. Lag på lag, samme dag. Ljost på mørkt, eller omvendt. Dagen kan starte med raske skisser. Kritt, kolstift, eller blekk.

Eit utval skisser er del av denne utstillinga. Koronainfluert. Skissene kan så kople vidare til malearbeid, med pensel. Kontrast og abstraksjon er dimensjonar eg vektar. Abstrakte motiv kan tolkast slik du vil. Treffe emosjonelt. Kva ser du? Det veit du innan brøkdelen av eit sekund. Kva du likar/ikkje likar. Undring er bra. Å tru på eiga dømmekraft likedan.

Formidling, kommunikasjon, å nå ut. Oppstår kontinuerleg på mangefasettert vis. Gjennom ord; snakke, lese, synge, rope, eller nonverbalt, som å mime, eller male. Eit måleri kan gje oss det ordlause. Der stille. Bekrefte kjensler i oss. Når nokon likar måleria mine, blir eg veldig glad. Instagramkonto brukar eg bevisst for å nå ut til fleire. God bruk av hashtaggar er tidas effektive språk, og deling. Folk rundt om ser, gjev respons, kommenterer, likar.  What-You-See-Is-What-You-Get! På Instagram finns eg som ingeborgloven   

Frå 2020 jobbar eg i nytt, utvida atelier i hagen. Betre plass. Kan jobbe på større lerret (BigPainting) og på fleire lerret om gongen. Kortreist arbeidsplass med fleire funksjonar. Ein stad å vise fram kunst, jobbe og galleri.  (eit stort BigPaint-arbeid «Garden of Eden», vart innkjøpt av Voss Kunstlag, til oppheng/utlå i Voss Tinghus.)  

Ved eit lukketreff oppdaga eg den amerikanske kunstnaren Nicholas Wilton. Ved hjelp av video deler Nicholas eigen kunstkvardag, gleder og sorger. Medlemskap i A2Academy, gjev tilgang til den nettbaserte plattforma, som kvar veke fyller behovet for sosialt fellesskap. Gjennom t.d Art talks. Han er min guru. Kvar veke får eg hjelp, styrkande tips, råd og erfaringsdeling. Som er gull verdt.

Utstillinga i S9 Galleri  går vidare frå fjoråret, Voss 2019. Med arbeid laga innafor tidsramma august -19 til sommar -20. Utstillinga har tittel: Welcome Change. Både direkte og indirekte påverka korona’n oss alle, over heile verda.

I ti år var eg kunstlærar for born/unge, Voss kulturskule. Ei setning gjentok eg, igjen og igjen: i kunst finns ingen reglar, ikkje noko rett og galt. Alt er lov. For slik tenkjer eg om kunst. Du skapar frå ditt eige indre. Prøver ut.  

Nokre viktige år for meg som kunstnar:
Bachelor of Art, Oslo 1987 SLFO
Nydalen kunstskole, helgekurs gjennom femten år
Voss Kunstlag 2008-2010, styremedlem/nestleiar
«Ekstremmåling» debut utstilling 2005
«The load and quiet Conversation» Separatutstilling Voss Kulturhus 2019
 
Artist statement
Eg vil skape måleri andre finn slektskap i. Kanskje undrar seg over.
Emosjonelt engasjement. Kontrast er spenningsbærande rettesnor.  
Basis er styrke, tru og evne til uthald. Å ha trua på eige arbeid.
Som fort vik for tvil. Menneskesinnet har kontrastar.
Det går opp og ned.

Velkommen til vernissage lørdag 12. september fra kl. 15.00 til 17.00.